Marianne Hansen frå Sortland bibliotek bokbadar Åsa Elstad i forbindelse med hennar nye bok Trådar frå fortida. Arrangementet er gratis, og er eit samarbeid med Sortland museum, Sortland bibliotek og Sortland Husflidslag.
Klesplagg og handarbeid kan fortelje mykje om menneska som brukte og laga dei – og om tida og samfunna dei levde i. Med utgangspunkt i arkeologiske funn, dokument, foto og gjenstandar tar Åsa Elstad for seg tekstilbruk i Nord-Noreg gjennom tusen år. Kvart kapittel i boka har ei oppskrift, ei praktisk øving for den som vil gå i spora til tekstilhandverkarar som har levd før oss.
Åsa Elstad har utdanning i tekstilforming og dr.art.-grad i historie, og har undervist i dei fleste skoleslag, og vært konservator på Sortland museum. Ho har skreven bøker og vært medforfattar på verk om ulike emner som husflid, klær, kystkultur og fiskeri, blant anna Kystkvinner i Norge, Moteløver og heimføingar, Nordnorsk kulturhistorie, Nordlands historie og Norges fiskeri- og kysthistorie.