Vi har gleden av å invitere til konsert med STEMMEKLANG + PARALLAX på Neptun sildoljefabrikk.
Stemmeklang + Parallax møtes musikalsk i verket OSEAN, eit musikalsk verk som utforskar havet og djupet, det mystiske og bisarre, mørket, og lyset som bryt gjennom vassflata. OSEAN er ei reise gjennom ulike kontinent og modi, der ritual og det seremonielle er som ein musikalsk raud tråd.
OSEAN er eit verk med kontrastar, frå det rå, «stygge» og det ubehagelege, til det vakre og mjuke ein kan kvila seg i – gjerne samstundes. OSEAN er også eit dynamisk verk, frå det nesten uhøyrlege til det forvrengte sterke, og rører seg frå det nesten stilleståande til det kaotiske og oppkvervla.
Stemmeklang og Parallax har begge til felles det å utforska det romlege samt prøva oppheva skiljelinjene instrumenta i mellom, og i dette prosjektet undersøker dei kvarandre sine møtepunkt og kontrastar.
STEMMEKLANG består av Kristin Bolstad, Linnéa Sundfær Casserly, Karoline Dahl Gullberg, Julie Kleive og Gabrielle Sørensen, alle med stemme som sitt instrument.
PARALLAX er Torstein Lavik Larsen (trompet), Are Lothe Kolbeinsen (gitar) og Ulrik Ibsen Thorsrud (perkusjon).