Opplevelser >

Bergkunst og landskap

Denne vandreutstillinga, bergkunst og landskap, på Øksnes Museum tek utgangspunkt i forsking frå Tromsø Museum.

Gjennom doktoravhandlinga si har arkeologen Jan Magne Gjerde synt at helleristingar og bergmåleri ikkje må tolkast berre ut frå sjølve figurane, men må setjast i samanheng med sjølve berget og omgjevnadane. Linjer og fargar i berget, plasseringa i landskapet, hellinga på bergflata, alt dette er med på å byggje opp historiene som bergkunsten fortel.

For den som kan sjå dette, opnar det seg ei verd av bergbilete med fortellinga som tek oss nært inn på livet til folk som levde fleire tusen år før oss. Bli med og les bergkunsten som ingen har lese han før! 

Utstillinga tek føre seg bergkunst frå Noreg, Sverige, Finland og Nordvest-Russland, og er produsert av Norges arktiske universitetsmuseum

Besøk Øksnes Museum

Øksnes Museum

Alsvåggården, våningshuset med
450 års historie. Øksnes; fra steinalder til høyteknologisk fiskevær på Myre. Poståpneri, handelssted/krambu, nyt kaffen i historiske omgivelser.